Ledig stilling

Studieleiar ved Bacheloravdelinga B2

Søknadsfrist 19.05.21

Politihøgskolen

er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten. Vi tilbyr bachelorutdanning, masterutdanninger og en rekke etter- og videreutdanninger. I tillegg har Politihøgskolen en omfattende formidlings- og forskningsvirksomhet. Det arbeider ca. 400 ansatte i tilknytning til hovedsetet i Oslo og campusene i Bodø, Kongsvinger og Stavern.

Bacheloravdelinga i Oslo er organisert i 4 seksjonar som speglar bachelorutdanninga sine faglege hovudområde: Politi og samfunn, Orden og beredskap, Etterforsking og Førebyggjande oppgåver. Utdanninga fylgjer rammeplan, programplan og regelverk som gjeld for bachelorutdanninga ved Politihøgskolen. Utdanninga kvalifiserer for generalistoppgåver i politiet.Praksistudiene i bachelorutdanninga er lagt til andre studieår (B2) i den treårige utdanninga. Utdanninga vert gjennomført i politidistrikta, der studentane gjennomfører utdanning i samsvar med fastsatt programplan. Stillinga som studieleiar B2 har ansvar for planlegging og kvalitetssikring av praksisåret. Stillinga inngår i Bacheloravdelinga i Oslo si leiargruppe, og nærmaste overordna er avdelingsleiar. Studieleiaren vil få personalansvar for fire medarbeidarar. Studieleiaren samarbeider nært med dei øvrige leiarane i avdelinga, og med utdaningsleiar og praksisansvarlege i politidistrikta.Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga, og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. Politiet er ein open og inkluderande etat der alle søkarar blir vurderte likeverdig. Vi oppmodar derfor kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søke jobb hos oss.Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje vil søkaren bli varsla om dette.Relevante vitnemål og attestar skal leggast ved den elektroniske søknaden.

Originale vitnemål og attestar samt gyldig legitimasjon skal takast med i samband med intervju.

Arbeidsoppgaver

  • Fagleg ansvar for programplanen, organisert i fire hovudområde
  • Fagleg og administrativt ansvar for å utvikle, planlegge, legge til rette, gjennomfør og kvalitetssikre studietrinnet
  • Personalansvar for medarbeidarar på studietrinnet
  • Følgje opp praksisavtalane med politidistrikta, herunder PHS sitt ansvar og oppgåver.
  • Nær dialog og samarbeid med utdanningsleiarar og dei praksisansvarlege i politidistrikta
  • Gjennomføre årlege møte med studentane og leiinga i politidistrikta
  • Utvikle godt medarbeidarskap, ønska kultur og god medarbeidartilfredsheit.

Studieleiaren har i samarbeid med utdanningsleiar i politidistriktet ansvaret for rekruttering av praksisansvarletige. Det må påreknast utstrakt reiseverksemd.

Kvalifikasjoner

Søkaren må ha:

  • Eksamen frå Politihøgskolen/Politiskolen
  • God kjennskap til bachelorutdanninga ved Politihøgskolen
  • Brei erfaring frå politi- og lensmannsetaten
  • Leiarerfaring
  • Digital kompetanse

Tilsetting i politietaten krev plettfri vandel. Politiattest (uttømmande og utvida) må framleggast før tiltreding.Det er i tillegg ønskeleg med

  • Leiarutdanning
  • Pedagogisk utdanning, fortrinnsvis innan rettleiingspedagogikk
  • Relevant masterutdanning

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeidsevne og gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Stor arbeidskapasitet
  • Administrative ferdigheiter
  • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter

Medarbeidarar ved Politihøgskolen skal kjenneteiknast som modige og helhetsorienterte, dei viser respekt og er tett på. Som leiar i politiet skal du setje retning og drive endring, motivere og utvikle medarbeidarar, skape resultat i samhandling med andre. I vurderinga vår av kandidatar vil vi òg vektlegge desse eigenskapane.

Vi tilbyr

  • Tilsetting som politiinspektør i stillingskode 0290, med løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse, ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, med mellom anna moglegheit for gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • Eit utfordrande og stimulerande fagleg miljø, med høve for eige utvikling
  • Gode treningshøve / velferdsordningar

Les meir om kva vi tilbyr på politihogskolen.no.

Kontaktinformasjon: Geir Valaker, Avdelingsleiar 928 04 518