Ledige stillinger
Din stillingsannonse her?
Kontakt vår annonseselger Vidar Hovind på telefon 913 33 035 eller vidar@salgsfabrikken.no.
Klikk her for mer informasjon om priser og formater.
Ledig stilling
Helsetilsynet har fått i oppdrag å opprette ei ny undersøkingsordning for svært alvorlege saker om barn som har mista livet, eller har blitt utsett for vald, overgrep og grov omsorgssvikt. Undersøkingsordninga skal gjennomgå saker ved å kartlegge kva som har skjedd, finne årsaksfaktorar og årsakssamanhengar, for å identifisere systemsvikt på tvers av sektorar. Ordninga blir foreløpig etablert som ei eiga eining i Statens helsetilsyn.
Vi søker nå inntil fem faste medarbeidarar til ordninga, inkludert ein leiar. Vi har behov for brei kompetanse innanfor fleire sektorar. Dei som blir tilsett må ha utfyllande kompetanse og vi vil derfor sjå på stillingane i samanheng når vi vel ut kandidatar.
Dei som blir tilsett vil gjennomføre undersøkingar, analysere data, skrive rapportar og formidle funn og anbefalingar. Undersøkingane blir organisert som tverrfaglege prosjekt i tett samarbeid med kollegaer. Arbeidet krev kontakt med ulike aktørar, barn, familiar og andre pårørande.
Som nyoppretta ordning vil det vere behov for å arbeide med utviklinga av ordninga og undersøkingsmetodar. Vi søker derfor engasjerte og dyktige medarbeidarar med lang og relevant erfaring innanfor ein eller fleire av sektorane utdanning/skule/barnehage, justis/kriminalomsorg/politi, barnevern, sosiale tenester og helse- og omsorgstenesta.
Nødvendige kvalifikasjonar:
Ønskte kvalifikasjonar:
Vi søker deg som er engasjert og opptatt av barns beste og rettssikkerheit. Du må ha svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne og ei positiv og løysingsorientert haldning.
Du må :
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.
Lønn for seniorrådgivar: kr. 700 000 - 900 000. For særs godt kvalifiserte søkarar kan høgre lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga. Vi er om lag 140 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Vi kan vurdere fleksibilitet når det gjeld arbeidsstad.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
Erik Stene, Fagdirektør
Peter Oftebro Baum, Prosesstøtte
E-post:pba@helsetilsynet.no