Ledig stilling

Vi søkjer toppleiar til å leie Møre og Romsdal politidistrikt

Søknadsfrist: 16. Oktober

Om arbeidsgiver

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland. Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeisteren som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er Felles eining for påtale, Felles eining for operativ teneste, Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Om stillinga

Det er ledig embete som politimeister i Møre og Romsdal politidistrikt. Embetet er eit åremål for ein periode på seks (6) år og er ledig frå 1.1.2026. Samfunnsoppdraget til politiet er å skape tryggleik der folk bur og ferdast. Som politimeister i eitt av dei 12 politidistrikta i landet har du totalansvaret for polititenesta til innbyggjarane i distriktet ditt i dagleg drift, beredskap og ved kriser. Vidare leier politimeisteren påtalemakta i distriktet og er ansvarleg for straffesaksbehandlinga og underlagt den høgare påtalemakta. Politimeisteren rapporterer til politidirektøren. Du er rådgjevaren til politidirektøren gjennom deltaking i den nasjonale leiargruppa til politiet og er ansvarleg for at politiske føringar og gjeldande strategi blir forstått og gjennomførte i eige politidistrikt. Politimeisteren skal sørgje for levering av gode og tidsmessige polititenester gjennom kontinuerleg forbetring og forenkling av arbeidsprosessane til politiet. Politimeister har også ansvar for kvalitetsutvikling og optimal ressursutnytting i eige distrikt og i etaten. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Vi ønskjer å spegle befolkninga og er opptekne av mangfald og god kjønnsbalanse i leiarstillingane i etaten.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle eit politidistrikt som jobbar saman for å nå mål og levere på oppdrag
  • Bidra til målet om eitt politi ved å sjå til at verksemdsstyringa er i tråd med strategiane og måla til politiet
  • Sikre god førebygging i samarbeid med andre aktørar
  • Sikre effektiv drift og ressursbruk ved å ta i bruk tilgjengelege digitale løysingar og beste praksis
  • Sørgje for god samhandling og kommunikasjon internt og eksternt; mellom politidistrikt/-einingar og overfor andre samfunnsaktørar
  • Styrkje organisatorisk læring, etisk medviten leiing og risikobasert styring
  • Leie og utvikle eiga leiargruppe
  • Sørgje for aktivt medarbeidarskap, helsefremjande arbeidsmiljø, godt partsamarbeid og medråderett i politidistriktet

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Høgare utdanning, helst på mastergradsnivå
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • Erfaring frå kriseleiing
  • Må kunne kommunisere eksternt og internt på ein tydeleg og tillitvekkjande måte
  • Relevant leiarerfaring
  • Erfaring frå arbeid med kontinuerleg forbetring og utvikling
  • Må kunne klarerast for inntil STRENGT HEMMELEG

Det er også ønskjeleg med:

  • Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap og/eller bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen
  • Erfaring frå organisasjonsutvikling og omstilling
  • Erfaring med verksemdsutvikling og kvalitetsforbetringar ved hjelp av ny teknologi
  • Gjennomført leiarutdanning/leiarutvikling
  • Kunnskap om eller erfaring frå politi- og påtalemakt 

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41.

Personlege eigenskapar

  • Resultatorientert og god gjennomføringsevne
  • Strategisk og heilskapsorientert
  • God til å kommunisere
  • God relasjonsbyggjar og rollemodell
  • Synleg samfunnsengasjement og høgt etisk medvit
  • Tydeleg leiarskap med evne til å motivere og utvikle leiarar og medarbeidarar

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeiderplattformen her.

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for fremtida 
  • Stillinga blir lønna som politimeister (stillingskode 9120) med årslønn: kr. 1 100 000-1 400 000
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Spørsmål om stillinga

Karin Aslaksen, Avdelingsdirektør HR- og HMS-avdelingen, +47 95 27 07 25

Peder Lund, Konsulent Capus AS, +47 97 73 50 88

Powered by Labrador CMS