Ledige stillinger
Din stillingsannonse her?
Kontakt vår annonseselger Vidar Hovind på telefon 913 33 035 eller vidar@salgsfabrikken.no.
Klikk her for mer informasjon om priser og formater.
Ledig stilling
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med tilsaman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Det er ledig embete som politimeister i Vest politidistrikt. Embetet er eit åremål for ein periode på seks (6) år.
Samfunnsoppdraget til politiet er å skape trygghet der folk bur og ferdast. Som politimeister i eit av dei 12 politidistrikta i landet har du totalansvaret for polititenesta til innbyggjarane i distriktet ditt i dagleg drift, beredskap og ved kriser. Vidare leier politimeisteren påtalemakta i distriktet og er ansvarleg for straffesaksbehandlinga og underlagt den høgare påtalemakta. Politimeisteren rapporterer til politidirektøren.
Du er rådgjevaren til politidirektøren gjennom deltaking i den nasjonale leiargruppa til politiet og er ansvarleg for at politiske føringar og gjeldande strategi blir forstått og gjennomførte i eige politidistrikt. Politimeisteren skal sørgje for levering av gode og tidsmessige polititenester gjennom kontinuerleg forbetring og forenkling av arbeidsprosessane til politiet. Politimeister har og ansvar for kvalitetsutvikling og optimal ressursutnytting i eige distrikt og bidra til dette i etaten.
Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og etterforske kriminalitet, skape trygghet og vareta rettstryggheten. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Vi ønskjer å spegle befolkninga og er opptekne av mangfald og god kjønnsbalanse i leiarstillingane i etaten.
Dette må du ha for å være kvalifisert:
Det er også ønskelig med:
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41.
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeiderplattformen her.
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken tilfølgje, vil du bli varsla om dette.
Karin Aslaksen, Avdelingsdirektør HR- og HMS-avdelingen, Politidirektoratet, +47 95 27 07 25
Peder Lund, Konsulent, Capus AS, +47 97 73 50 88