Ledige stillinger
Din stillingsannonse her?
Kontakt vår annonseselger Vidar Hovind på telefon 913 33 035 eller vidar@salgsfabrikken.no.
Klikk her for mer informasjon om priser og formater.
Ledig stilling
Søknadsfrist: 13. oktober
Vest politidistrikt har 1300 ansatte, med politimeister Ane Kvaal som øverste leiar. Gjennom medarbeidarskap, kompetanseutvikling og framdrift dekkar vi polititenester for 38 kommunar. Politistasjonane i Måløy og Vik har fleire ledige stillingar og treng deg som er klok, nysgjerrig, motivert og modig. Du må vere sjølvstendig og kunne stå i oppdraget. I Vik og Måløy politistasjon jobbar vi i kombinert teneste med vakter på dag, kveld og helg, der du sjølv kan påverke både turnus og arbeidskvardag. Måløy er ein by i Kinn kommune. Måløy og omegn har omkring 6000 innbyggjarar på ein av Noregs mest veirharde kyst, rett i havgapet. Her kan du delta i aktive idrettslag, oppleve spennande krigshistorie, naturopplevingar utanom det vanlege, surfebølgjer på Stadlandet som bryt innover krittkvite badestrender og flotte dykkeforhold. Hurtigbåten frå Bergen går direkte til Måløy dagleg. Regiontettstaden i Nordfjord, Nordfjordeid er omlag 50 minutt unna. Det er litt over ein time til flyplassen Anda, Sandane i Gloppen. Vik og tettstaden Vikøyri er ei sjarmerande fjordbygd i Vik kommune med omlag 2500 innbyggjarar. Du er midtvegs inn Sognefjorden som byr på roleg atmosfære og ein rik kulturarv. Her får du naturen tett på der du kan få opplevingar høgt til fjells med flott naturlandskap eller ute på fjorden. Som dei sjølve seier det "Me ha da i Vik!" Vik og Vikøyri ligg på sørsida av Sognefjorden med 1 time til Sogndal og 1t og 20 minutt til Voss. Ekspressbåten til og frå Bergen går dagleg heile året. Haukåsen flyplass ved Sogndal er omkring 90 minutt med bil frå Vik.
Er du politi? Operativ? Sjølvstendig? Lyst på fast stilling med gode vilkår?
Vest politidistrikt har 1300 ansatte, med politimeister Ane Kvaal som øverste leiar. Gjennom medarbeidarskap, kompetanseutvikling og framdrift dekkar vi polititenester for 38 kommunar.
Politistasjonane i Måløy og Vik har fleire ledige stillingar og treng deg som er klok, nysgjerrig, motivert og modig. Du må vere sjølvstendig og kunne stå i oppdraget. I Vik og Måløy politistasjon jobbar vi i kombinert teneste med vakter på dag, kveld og helg, der du sjølv kan påverke både turnus og arbeidskvardag.
Måløy er ein by i Kinn kommune. Måløy og omegn har omkring 6000 innbyggjarar på ein av Noregs mest veirharde kyst, rett i havgapet. Her kan du delta i aktive idrettslag, oppleve spennande krigshistorie, naturopplevingar utanom det vanlege, surfebølgjer på Stadlandet som bryt innover krittkvite badestrender og flotte dykkeforhold.
Hurtigbåten frå Bergen går direkte til Måløy dagleg. Regiontettstaden i Nordfjord, Nordfjordeid er omlag 50 minutt unna. Det er litt over ein time til flyplassen Anda, Sandane i Gloppen.
Vik og tettstaden Vikøyri er ei sjarmerande fjordbygd i Vik kommune med omlag 2500 innbyggjarar. Du er midtvegs inn Sognefjorden som byr på roleg atmosfære og ein rik kulturarv. Her får du naturen tett på der du kan få opplevingar høgt til fjells med flott naturlandskap eller ute på fjorden. Som dei sjølve seier det "Me ha da i Vik!"
Vik og Vikøyri ligg på sørsida av Sognefjorden med 1 time til Sogndal og 1t og 20 minutt til Voss. Ekspressbåten til og frå Bergen går dagleg heile året. Haukåsen flyplass ved Sogndal er omkring 90 minutt med bil frå Vik.
Kompetansebygging med gode kollegaer
Dei to politistasjonane; Måløy politistasjon i Nordfjord og Vik politistasjon i Sogn treng fleire dyktige kollegaer. Vi søker etter nye faste tilsette som ynskjer å jobbe i kombinert polititjeneste som operativ, førebyggar og etterforskar. I kombiteneste får du gjennomføre læringsløpet på både 48t årleg trening operativt og 48t etterforsking. Du kvalifiserer også raskare til opprykk, med meir ansvar og lønn. Samtidig set vi høge krav til deg. Dine kollegaer og leiarar forventa at du levera på alle fagområde, og bidrar med godt kollegaskap til felleskapet.
Har du ein venn eller nokon du kjenner som også kan vere interessert i denne jobben? Vi har fleire ledige stillingar på begge stasjonar, her kan du bu og jobbe fleire ilag!
Karriereveg
GDE Sogn og Fjordane består av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn politistasjonsdistrikt, samt ein desentralisert etterretnings- og etterforskingsseksjon. Vi samarbeider tett på alle nivå internt i heile GDE-en med ressursflyt og samvirke, og ein må pårekne å utøve politijobben i heile regionen. For deg som finn deg til rette og vil satse i Sogn og Fjordane har vi karrierevegar med fagutvikling i etterforsking, førebygging og operativt politiarbeid; t.d. innsatsleiing, UEH, etterforskingsleiing, politikontakt, spesialetterforsking, tilrettelagd avhøyr, trafikk og UP, digitalt politiarbeid, personalleiing, mm.
Økonomiske vilkår
Som resten av politi Noreg jobbar vi hardt med å få tak i dei rette søkjarane. I utlysinga av desse stillingane har vi som rekrutteringstiltak å dekke dine bu-utgifter i inntil 12 månadar som eit særskilt rekrutteringstiltak. I tillegg ligg desse to politistasjonane i kommunar med sentralitetsklasse 5 og 6, der ein kan få gjeldssletting av studielån i samsvar med lånekassen sine reglar. Vi tilbyr også moglegheit til påverke eigen turnus i samråd med leiar, slik at ein så langt det høver seg kan få tilpasse langfri mellom vaktperiodar.
Kombinert teneste (førebygging, etterforsking og patrulje)
Vakt og beredskap i turnusteneste
Andre oppgåver pålagd av overordna
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen.
IP-godkjent, eller kvalifisert og villig til å bli det
Førarkort klasse B og utrykkingssjåfør, eller kvalifisert og villig til å bli det
God munnleg og skriftleg framføring
Dokumentert relevant erfaring frå politi- og lensmannsetaten blir vektlagt
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved å søkja på stilling i politiet, så samtykkjer du til at det vil bli gjort ei skikkavurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Du er ansvarsfull, fleksibel og løysingsorientert, og tar ansvar for samarbeid og trivsel
Engasjert i samfunnsoppdraget
Kunnskap og motivasjon for å bli og utvikla deg i GDE Sogn og Fjordane blir vektlagt
Som medarbeidar har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjena våre og medarbeidarplattforma her.
Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
Stillingane blir lønna som politibetjent 3/2/1 - SKO 1461/1459/1457:
Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 630 000 i tillegg kjem kombitillegg for pb3, for tida kr. 15. 405,- pr. år
Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 540 000
Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000
Hos oss vil du få gode arbeidsvilkår der du får moglegheit til å påverka eigen arbeidskvardag og utvikla deg (turnus, trening i arbeidstida, o.l). Du vil og få medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
Oppnormering/omgjering til Pb2 og Pb3 i samsvar med gjeldande kompetansekriteriar for Pb2 og Pb3. Vidare lønnsutvikling vil skje i samsvar med hovudtariffavtalane i staten.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Elise Eide Dvergsdal, Administrativ støtte - konsulent, +4747482142, elise.eide.dvergsdal@politiet.no
Åse Romuld, Tenestestadsleiar Måløy, +4748886383, ase.romuld@politiet.no
Vegard Andersen, Tenestestadsleiar Vik, +4748886372, vegard.andersen@politiet.no
Spørsmål om elektronisk søknad/ CV
Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no