Arne Johannessen.

DEBATTINNLEGG

Det gjer vondt langt inn i hjarterota

Denne endringa kan opplevast som nedlegging av lensmannsetaten. Og det kan vera rett, men ein kan også sei at lensmannsmodellen er styrka etter utviklinga av arbeidsmetodikk sidan 2016 og fram til i dag.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Det er på tide å avvikla heiderstittelen lensmann, men eg kjenner det langt inn i hjarterota. Ein sånn endring skapar naturlegvis debatt og sterke kjensler for mange. Mykje av reaksjonane er basert på nostalgi om korleis lensmannsetaten og lensmannsrolla ein gong var.

Tida er overmoden for å skapa eit politi i samsvar med Stortingsvedtaket om politireform. Det er naturleg at me no kallar etaten for politiet og ikkje politi- og lensmannsetaten. Lensmannskontor er heller ikkje eit begrep som gjev noko meining i dag. Det naturlege er å kalla alle politibygg på nivå 3 (tenesteeining) for politistasjon, og på nivå 4 (tenestestad) for politikontor.

Arne Johannessen, leder GDE Sogn og Fjordane.

Eg var med i arbeidsgruppa som leverte framlegg til ny kjønsnøytral tittel for lensmann. Me konkluderte med politisjef. No ser eg at politidirektoratet (POD) har gjort framlegg om politiavdelingsleiar. Det oppfattar eg som navnet på den nye stillingskoden. På mange måtar kan det vera fornuftig å få ein stillingskode ein kan nytta for fleire leiarstillingar, for då kan ein avvikla den håplause praksisen nokon har hatt med å tilsetta i sivil kode for deretter å gje politimyndigheit.

Dersom ein etter forhandlingar på nasjonalt nivå får oppretta ein kode som erstattar lensmann, vert det viktig med gode funksjonstittlar som avspeglar rolle og myndigheit. Då er det naturleg å ta for seg ny organisering for så å harmonisera mellom i by- og land. Dersom ein ikkje vil nytta politisjef/politileiar, kan ein nytta politistasjonssjef i by og land på nivå 3.

LES OGSÅ: Lensmannen får ny tittel: - Opptatt av om det ligger andre intensjoner bak forslaget

Sivile gjeremål

Nokon vil hevda at dette er ein avvikling av lensmannsetaten. Eit kort tilbakeblikk vil raskt syna at den avviklinga starta midt på -90 talet med eit mål om å skapa ein politietat for by og land. Veierødutvalet i 1994 konkluderte med overføring av den administrative og økonomiske styringa av lensmannsetaten frå Fylkesmannen til politimeistaren.

Ved etableringa av Politihøgskulen i 1992 vart lensmannslinja avvikla. Midt på -90 talet fekk lensmenn nytt lønssystem, då avvikla ein det gamle systemet med biinnterker frå kredittopplysningar, tvangsauksjonar og andre sivile saker. Frå 2003 avvikla ein bruk at tittelen lensmannsbetjent, lensmannsførstebetjent og lensmannsfullmektig.

Arbeidsoppgåvene på eit lensmannskontor har endra seg mykje sidan Veierødutvalet og fram til i dag, og særleg rolla som lensmann. Fram til midt på -90 talet var det mange lensmenn som «dreiv eigen butikk» i butikken. Hovudfokuset var sivile gjeremål som gav mange lensmenn store personlege inntekter. Det vart lite fokus på leiing og politioppgåver. I dag er det svært få oppgåver igjen innan sivil rettspleie og forvaltning som ligg til lensmannen. Dei fleste politidistrikt har organisert dette i fellesfunksjonar. Mange lensmenn er ikkje namsmann. Dei er politileiarar med fokus på leiing, førebyggjande arbeid, utvikling og politioppgåver, som leiarane i byen.

Viktigare enn navnet

Nokon hevdar at «alle veit kva lensmann er». Ja kanskje alle over 50 år. Men spør me våre nye landsmenn og den yngre generasjon, er det nok fleire som har eit eigarskap til namn og tittlar med politi i seg enn lensmann. Det er denne utviklinga som gjer at tida er overmoden for å avvikla den gode gamle heiederstittelen lensmann.

I tillegg har eit samla Storting bedt om at det skal vera kjønsnøytrale stillingstittlar. Det må ein ta på alvor. Men for meg er det utviklinga av lensmannsetaten og politiet som er det viktigaste argumentet. Det har vore ein gradvis harmonisering og utvikling, som verkeleg starta i 1994. No er tida inne for å ta steget fullt ut.

Denne endringa kan opplevast som nedlegging av lensmannsetaten. Og det kan vera rett, men ein kan også sei at lensmannsmodellen er styrka etter utviklinga av arbeidsmetodikk sidan 2016 og fram til i dag. Mykje av lensmannsetaten sin arbeidsform er «foredla og utvikla». Dette ser ein i høve til politiarbeid på staden, politikontakt rolla, politirådsarbeidet, systematisk etterretning. Mykje av dette er element som me kjenner igjen frå arbeidsforma til lensmannsetaten. Dette er viktigare enn navnet på ein kontorbyggning eller ein funksjonstittel.

For meg som har lensmannslinja frå politiskulen , var den siste leiaren av Lensmannsetatens Landslag før me stifta Politiets Fellesforbund i 1997 og har vore lensmann, set det langt inne å konkludera med at lensmannstittelen er overmoden for å endrast. Men framtida kan ikkje formast av kjensler og nostalgi.

LES OGSÅ: Lensmannen får ny tittel - dette er forslaget fra Politidirektoratet

Powered by Labrador CMS