Ledig stilling
Fast embete som statsadvokat og ein konstitusjon som statsadvokat
Denne artikkelen er mer enn to år gammel.
Ved Hordaland, Sogn og Fjordane statsadvokatembete er det ledig eit fast embete som statsadvokat frå 1. mars 2021 og ein konstitusjon som statsadvokat frå 1. april til 31. desember 2021.
Embetet blir leia av ein førstestatsadvokat og har i tillegg åtte statsadvokatstillingar og 5,9 kontorstillingar. Embetskrinsen omfattar Vest politidistrikt.
Kontoret ligg sentralt i Bergen.
Søkarar må ha juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap, og det blir særs stilt høge krav til fagleg dugleik, samarbeidsevne, integritet og utviklingsorientering. Erfaring frå straffesakspleien er ein fordel. Tilfredsstillande vandel blir føresett og ein må kunne tryggleiksklarerast. CV skal følgja søknaden, og det blir bedt opplyst om søkar meistrar begge målformer. Søkarane vil bli førte opp på offentleg søkarliste.
Det er eit mål at den statlege arbeidsstyrken i størst mogleg grad er samansett slik at den samsvarer med befolkninga elles i samfunnet kva gjeld kjønn og etnisk opphav. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda til å søka. Den som blir tilsett må vera norsk statsborgar og kunne tryggleiksklarerast.
Den høgare påtalemakta arbeider for å nå måla i regjeringas inkluderingsdugnad og vi ber derfor særskilt kandidatar med nedsett funksjonsevne og hol i CV om å søka ledige stillingar i etaten. Søkarar som seier frå om at dei har funksjonsnedsetjing eller hol i CV må vera oppmerksame på at denne informasjonen kan brukast til statistikkformål i samband med regjeringas inkluderingsdugnad, dersom søkaren blir tilsette.
Stilling som statsadvokat vert lønna med kr 1 128 000 pr år, konstituert statsadvokat blir lønna med kr 990 000 pr år. Det blir trekt pensjonsinnskot.
Spørsmål om embetet kan rettast til embetsleiar Eirik Stolt-Nielsen på
telefon 55 54 80 00. Søknad sendast elektronisk via www.Jobbnorge.no
Søknad blir merka med: ID 197703